søndag 22. november 2009

Pappeske

Så lenge eg kan hugse har eg fått høyre at eg er lita, unødvendig informasjon i grunn...eg har da heller aldri sett på meg sjøl og tenkt; Jøss, så stor som eg er!

Eg har i grunn ikkje støtt på dei heilt store problema med å vere lita og nett, eg har da vore "stor nok" og hatt bakkekontakt stort sett... Om ein av og til må ty til krakk og stige, for å nå opp i skap o.l., så får ein berre trøste seg med at det er god kvardagstrim.

Det fins mange fordeler med å vere lita, ein kan blant anna smette inn både her og der. Som f.eks. den gongen mor masa om at rommet skulle ryddast -pronto!

Eg hadde mest lyst til å ut, for ute lava det ned og akeføret var formidabelt! For ei jente på 10år så er det sjølvsagt mykje meir interessant å ake enn å rydde rom.

Løysninga vart å gjera seg usynleg!

Fyrst prøvde eg å gøyme meg i klesskapet, men der vart eg funnen fort. Så da måtte hjernebarken tynast litt meir. Det var da eg fekk auge på ein pappeske som stod i hjørnet. Kjem eg meg ned i den, da finn ikkje ho mor meg. Som tenkt så gjort, og jammen kom eg meg nedi. Mor gjekk raustlaust rundt og kunne ikkje forstå kvar dattera hadde teke vegen, ho småsverta der ho trampa seg forbi gong på gong. Medan eg sat inni pappesken og skolv fordi eg sprakk nesten av latterkrampe, eg følte meg svært intelligent hugsar eg -eg hadde da klart å lure mor mi!!!

I heile 5 minutt greidde eg å lure mor mi, men da brast pappesken...eg var nok ikkje like uthaldande som den franske mordaren nei, han rymde nemleg frå fengselet i ein pappeske...og han vart ikkje teken før 10 veker etterpå.

Undrar meg på om denne karen måtte rydde cella si da han kom tilbake eg?

lørdag 21. november 2009

Glatt i sporet...

Kong vinter kom, så drog han sin veg....igjen satt oss her da, med hålka...

Det er så glatt i Bøverdalen nå, at musa sladdar i spora...Eg undrar meg på om ho går for piggfritt eller ikkje?